tirsdag 5. mars 2013

Appropriasjon 2: utifrå valfritt kunstverk


Oppgåve
Du skal lage eit bilete (ved hjelp av fotografi og redigering) som etterliknar eller kommenterar eit anna verk! Sjå ppt om appropriasjon dersom du er usikker på kva dette kan vere.
Hent inspirasjon frå kunsthistorie, teikneserie eller reklame, eller andre stader.
  • Post resultat og prosess på bloggen din.
  • Det skal vere med tekst som forklarar idé, prosess/teknikk og framgangsmåte og vurder resultatet ditt.
  • Det skal også vere med bilde av og tittel på verket som du arbeider utifrå.
Vurdering: Du får karakter på dette arbeidet
vurderingskriteriar
*ide
*teknikk (fotografisk og/eller redigering)
*presentasjon

Idé, prosess og framgangsmåte

Idéen min var å leike med denne reklamen for Red Bull, og gje den ein litt annan meining. Eg tenkte først å bytte ut handa i reklamen med ei barnehånd, for å dra fram at Red Bull har blitt kritisert av forskarar og ekspertar for å være skadelig dersom ein inntar for mykje.
Endte opp med ein litt annen vri, kanskje litt meir humoristisk og mindre seriøs.

Eg fant reklamen ved ein tilfelfighet på internett, og eg la den inn i Photoshop for å fjerne Red Bull boksen, og legge inn vodkaflaska. Eg brukte kloneverktøyet for å fjerne Red Bull flaska og sette inn vodkaflaska. Eg måtte bygge opp tommelen til personen ved å flytte på delar av resten av hånda.
Eg brukte og blur for å gjere overgangen frå bakgrunn og flaska litt "smoothare".
Eg har blitt fornøyd med resultatet, og syns at reklamen har fått et litt morsommare budskap enn det det var orginalt.