tirsdag 21. mai 2013

Reklamekampanje 2105






Oppgåve 1.
Den nyoppstarta bruktbutikken ”Bruktbuo” i Eikelandsosen treng ein reklamekampanje for å skape blest om butikken. Dei ynskjer seg plakatar som kan kommunisere mottoet deira ”La brukt bli brukt” på ein kreativ og inspirerande måte.

Du får oppdraget med å lage utkast til plakaten. Du skal levere to ulike forslag til plakat. Forslaga skal representere to ulike idear og vere tydeleg forskjellige.

Kravspesifikasjonar:

Desse elementa må vere med på plakatforslaga:
  • Slagordet ”La brukt bli brukt”.
Plassering, font, storleik og farge på slagordet velgjer du sjølv.

  • Logoen  til butikken.
Filen finn du vedlagd oppgåva. Storleik og plassering velgjer du sjølv, men logoen skal ikkje endra farge eller form.

  • Illustrasjon
Teknikk: Digital fotografi + eventuelt teikning. Manipulering av fotografi er tillete. Bruk arbeidet ditt frå førebuingsdagane som utgangspunkt, eller ta nye. Du kan ta utgangspunkt i eit eller fleire foto, eller setje saman element frå ulike fotografi. Alle bileta du brukar må vere dine eigne. Plassering og storleik valfritt.

FORMAT:
A3, Ståande
300dpi
  
Oppgåve 2:
a )Fortel kort om dine 2 forslag  og korleis du vurderar dei ferdige resultata. (Stikkord: idé, komposisjon, heilskap, 
fargebruk, uttrykk, teknisk utføring og kommunikasjon mot oppdrag.)
b) Skriv ein kort tekst om mogelegheiter og utforfordringar som ligg i manipulering av reklamefotografi. 

På den første reklameplakaten brukte eg eit bilde av ei denimjakke som var på Bruktbuo. Tanken bak plakaten var å vise
at denimstoff kan brukast lenge, utan at det mister både kvalitet og stil. Fargebruken er nøytral, og fargen på underteksten
er henta frå sømmen på jakka. Underteksten blir brukt for å opplyse om kva denim er.

På den andre reklameplakaten brukte eg eit bilde av Tim Lucas, som ein kan remixe ifølge  CC BY-NC 2.0 Her har eg brukt
meir fargar enn på første plakaten, og fargepaletten er den samme som Nike-skoen i midten av bildet. Eg ønskte og å
framheve logoen til Bruktbuo, med å bruke ein farge-firkant bak logoen. Eg meiner denne plakaten er meir
moderne, og passer kanskje best til ei yngre målgruppe. Komposisjonen er slik at logoen, og slagordet er sentrert, mens
Creative Commons merkene er satt til sidene.

Det ligg veldig mange forskjellige mogelegheiter i manipulering av reklamefotografi, og ein kan på mange måtar gjere uendeligt med forskjellige ting. Utfordringen med dette er at ein kan ved for eksempel å gjere ein klesmodell slankare og finare, påvirke korleis forbrukarane ser på seg sjølve og sitt sjølvbilde.