tirsdag 30. april 2013

Portrett 3004









Du skal levere ein serie med portrett bilete. Det kan vere av samme person, eller av ulike personar.

1. Portrettbilete med uskarp bakgrunn. (Korleis må blendaren då vere?)
2. Portrettbilete der rekvisittar og/eller bakgrunnen er aktivt med på å fortelje noko.
3. Portrett bilete der heile kroppen er med (men bruk gjerne fantasien på kameravinkel og oppstilling/plassering av modellen)
4. Portrettbilete der noko er i bevegelse (du velger sjølv om det er delar av modellen sjølv eller menneske/ting i bakgrunnen)

TEMA: Du kan prøve å bruke temaet frå kortoppgåva, positivt og negativt lada stemning, lys/mørk. Dei som ynskjer det kan arbeide utifrå heilt eigne idear!

Bruk manuelle innstillingar. Skriv kva innstillingar du har brukt under kvart bilete. (du kan høgretrykke på bilete og velge egenskaper og detaljer for å finne dei).
Vurder idé, komposisjon og resultat. Dersom du redigerar mykje skal du poste både det uredigerte utgangspunktet og ferdig resultat. Post på bloggen din!

Arbeidet vert vurdert utifrå
  • Idé og kreativitet.
  • Kontrollert bruk av kamera innstillingar
  • Bevisst komposisjon/utsnitt
  • Ferdig resultat, redigering/etterbehandling.
  • Evne til å dokumentere prosess og vurdere resultat

Kommentar
Eg bestemte meg for å lage ein serie med portrett som fekk fram både glede og tristhet i bildene.Bildene blei redigert i photoshop, og eg leikte litt med å endre fargane i bildene, for å få fram det utrykket som eg ønska.

tirsdag 16. april 2013

Bokstaver 1604


Me fekk i oppgåve å finne flest mulig bokstaver i form av objekter rundt oss.
Alle bokstavane i kollasjen ovanfor er funne inne på verkstaden til Tip.